Priser og praktisk info om treningssenteret

 

Abonnement

Ordinært medlemskap

  • Man-fre: 05:30-08:00 og fra 16:00-23:00

  • Helg: 05:30-23:00

  • Senteret er i utgangspunktet ubetjent i dette tidsrommet. Ein må derfor ha nøkkelbrikke for å komme inn.

Friskliv/60+

  • Man-fre: 08:00-16:00

  • Senteret er ope for dei over 60 og for brukarar av fysioterapitenesta.

  • I tillegg kan ein med individuell avtale trene på dagtid i vekedagane dersom ein er i barselpermisjon, ufør, jobber natt/kveldsskift eller av andre grunnar ikkje har anledning til å trene på kveld/helg.

Priser

Bindingstid Pris Betaling
12 mnd. ord 350,- pr. mnd. (4200,-) Giro/visa/VIPPS
6 mnd. ord 400,- pr. mnd. (2400,-) Giro/Visa/VIPPS
3 mnd. ord 450,- pr. mnd. (1350,-) Giro/Visa/VIPPS
1 mnd. ord 500,- Giro/Visa/VIPPS
Nøkkelbrikke 250,- Visa/VIPPS
Friskliv 6 mnd. Eldre >60 + pasienter i opptrening (dagtid, 08.00-16.00) 250,- pr. mnd (1500,-) Giro/Visa/VIPPS
Personleg veileda trening kveld 55 min 350,- Visa/VIPPS
Gruppetime m/abonnement 0,-
Gruppetime u/abonnement 100,- Visa/VIPPS
 

Priser - Barn

Barn fra 12-14 år kan trene gratis saman med foresatte.

Ungdom kan frå året dei fyller 15 trene aleine. Pris er 50,- mindre pr mnd. enn vaksne over 18.

12 mnd.: 300,- pr mnd. (3600,-)

6 mnd.: 350,- pr mnd. (2100,-)

3 mnd.: 400,- pr mnd. (1200,-)

1 mnd.: 450,-

Bedriftsabonnement

Vi tilbyr bedrifter å teikne abonnement hjå oss. Bedriftene kan kjøpe pakker på enten 6 mnd. eller 12 mnd. Les meir her.

Drop-in/enkelttimar

Senteret er i utgangspunktet ubetjent på kveldstid og i helger, samt i romjula og påskeveka (og ved felles ferieavvikling om sommaren) - og det er derfor ikkje mogleg med drop-in timar.

Dersom du ønsker å trene hjå oss, men berre er her i ei kort periode i forbindelse med helg, ferier o.l - ta kontakt med oss, så skal vi finne ei løysing på det!

GRUPPETRENING:

Fallforebyggande gruppetrening for eldre

Onsdagar og fredagar mellom 11:00-12:00 på dagtid har vi i regi av fysioterapien fallforebyggande gruppetrening for eldre (begrensa plassar). Fitnessalen er derfor reservert mellom 11:00-11:30, og styrkesalen er reservert fra 11:30 -12:00 desse dagane.

Step - gruppetime

Torsdag!

Kondisjonstrening ved bruk av stepkasser og enkle trinn/koreografi. Madelin Elgseter er instruktør og leier lokalane hjå oss til dette formålet.

Info om gruppetimen finn du på Facebook - søk Lora Step-fit. Påmelding via messenger/melding til Lora Step-fit.

Sirkeltrening

Kvar onsdag frå 08:30-09:45 har vi sirkeltrening på senteret. Kondisjon og styrke for heile kroppen. Alle aldersgrupper er velkomne!

Påmelding frå gong til gong til Sigrid på tlf: 415 22 834

Tilgang og skriftlig avtale

For å få tilgang til senteret må ein ta kontakt med enten Kari eller Sigrid på telefon eller e-post.

Ved innmelding må ein signere ei papirkontrakt Ved fornying eller forlenging av medlemsskap treng ein ikkje signere ny avtale, men ein pliktar seg til å halde seg oppdatert på gjeldande reglar, og oppdaterte priser på senteret. Desse fins her på nettsida vår.

 

Reglar for treningssenteret

  • Desinfiser hender når du kjem- og før du forlater lokalet

  • Bruk reint treningstøy og reine innesko

  • Rydd på plass manualar, vektskiver, treningsmatter og anna småutstyr etter bruk

  • Rengjør apparat og utstyr med desinfeksjon så fort du er ferdig med å bruke det

  • Ikkje ha på høg musikk på anlegget utan samtykke frå andre i treningssalen

  • Det er ikkje tillatt å ha med seg mat i treningssalen

  • Det er ikkje tillatt å trene i bar overkropp

  • Ved skade, feil eller manglar på utstyr skal dette umiddelbart varslast om til Kari/Sigrid

  • Ved tunge løft med frivekter skal du alltid ha med nokon som kan sikre deg

  • Trening utan veileiing skjer på eige ansvar

  • Det er ikkje tillatt å låne bort nøkkelbrikke til andre eller sleppe inn dei som ikkje har medlemskap på senteret

  • Ta vare på verdisakar. Ikkje la dei ligge i venterom utan tilsyn

  • Du kan trene på vårt senter frå du begynner på 10.trinn

  • Barn 12-14 år kan trene gratis saman med foresatte

  • Senteret forlatast seinast kl. 23:00 for ordinære medlem, 16:00 for friskliv/>60år

  • Dersom ein ikkje overheld reglane for senteret kan ein risikere utestengelse

  • Befatning av dopingmidlar nevnt i IOC si liste fører til umiddelbar utestengelse frå senteret

 

Åpningstider

Åpningstider FYSIOTERAPI + TRENING FRISKLIV/60+:

Man-fre: 08.00 – 16.00

Lør-søn: stengt

Veileiing trening kveldstid: etter forespørsel

Heilagdagar: stengt (fysioterapi).

I romjula og heile påska held vi som regel stengt (fysioterapi).

 

Åpningstider TRENINGSSENTER - ordinære medlem:

Man-fre: 05:30 -08:00 og 16.00 – 23.00

Lør-søn: 05.30 – 23.00

 

Tider for gruppetrening:

Fallforebyggande gruppetrening:

  • Onsdag og fredag på dagtid mellom 11:00-12:00

  • Treningssalen er reservert i dette tidsrommet

Sirkeltrening:

  • Onsdagar 08:30-09:45

  • Treningssalen er reservert i dette tidsrommet

Step gruppetrening:

  • Kveldstid onsdag

  • Kondisjonstrening på stepkasser

  • Enkel koreografi til musikk i regi av Madelin G. Elgseter

  • Påmelding via facebooksida ‘Lora Step-fit’

  • Info om tidspunkt og pris finn du på denne facebooksida